Sparebanken Vest si næringsstifting støtter grøne idèar – gjer som Eduplaytion og søk støtte frå fondet!

“Tilskotet frå SPV var heilt klart bidragsytande til at Eduplaytion fekk stabilisert skuta gjennom oppstartens røffe sjø. Det var vidare òg ei anerkjenning, noko som gjorde til at ein tok fatt på seglasen vidare med ny vind i segla og iver” - Kristo…

“Tilskotet frå SPV var heilt klart bidragsytande til at Eduplaytion fekk stabilisert skuta gjennom oppstartens røffe sjø. Det var vidare òg ei anerkjenning, noko som gjorde til at ein tok fatt på seglasen vidare med ny vind i segla og iver” - Kristoffer H. Engebø. Foto: Eduplaytion AS.

«Driftskontoen vår er full», stod det på Numetry si web-side i vår! Det må seiast å vere ein særs god situasjon å vere i for folk flest, men ekstra spesielt for eit gründerselskap som Eduplaytion.

Dei har utvikle Numetry, som er ei spelbasert læringsplattform der heile pensum i matematikk for 5. – 7. klasse er implementert.

Ved siste emisjon selskapet lyste ut, var responsen overveldande og ikkje alle interessentane fekk bli med i den omgangen.

Men om vi går 3 år tilbake i tid, var situasjonen ein anna. Kristoffer H. Engebø, som er mannen bak selskapet, underviste i faget i grunnskulen, og fekk idèen om å utvikle ei meir lystbetont undervisning på ei plattform som er elevane si. Basisen er teknologi som legg til rette for læring gjennom samarbeid mellom elevar, og mellom elevar og lærarar.

Kristoffer satsa fullt, og blei gründer.

For å lukkast er det viktig at gründer har tru på produktet sitt og pågangsmot til å setje igang. Dette hadde Kristoffer. Men å gå frå idèstadiet til ferdig produkt som gir pengar i kassa, er ikkje lett. Ofte må gründerar gi opp inntektsgivande arbeid. Her har det offentlege verkemiddelapparatet gode tilskotsordningar, men det blir og sett krav til eigenkapital. Og då er det viktig med gode hjelparar som kan trø til, både med pengestøtte men også anerkjennelse for at idéen er interessant og at ein har trua på personen og teamet bak idèen.

Sparebank Vest si næringsstifting er ein slik hjelpar som har operert i 13 år, og som bidreg aktivt med støtte og privatkapital i denne fasen.
Hausten 2018 fekk Kristoffer hjelp frå dette fondet, og betydningen av denne støtta uttrykkjer han slik:

«Tilskotet frå SPV var heilt klart bidragsytande til at Eduplaytion fekk stabilisert skuta gjennom oppstartens røffe sjø. Det var vidare òg ei anerkjenning, noko som gjorde til at ein tok fatt på seglasen vidare med ny vind i segla og iver.»

Styret for Sparebanken Vest si næringsstifting er klar for å ta i mot nye gode forretningsidèar som kan skape nye arbeidsplassar som bidreg til grøn omstilling og berekraftig utvikling i samfunnet vårt.

Neste møte er 21. september, og søknadsfrist for å bli med i den vurderinga er sett til 6 september.

Skjema for søknad finn du her.